Loen Open 2024 - Norgescup



Dato/Tid

18/05/2024 – 20/05/2024


Stad

Lo-Vik Camping,  Loen

FLK ynskjer alle velkomne til Loen Open 2024

Norgescup i Paragliding XC 18. – 20. mai 2024.


MERK: Ikkje alt er 100% fastsett. Oppdateringar kan kome.


Flystad:

Hoven i Loen. Paragliding i Loen er ei oppleving som tek pusten frå deg bokstaveleg tala og i overført tyding. Med majestetiske fjell, djupe fjordar og spektakulær natur som bakteppe, er Loen eit paradis for paragliding. Den mest ikoniske flyturen i Loen er frå Hoven, ein fjelltopp som ruvar 1011 meter over havet. Frå dette utgangspunktet får paraglidarane moglegheita til å sveve over Nordfjorden og oppleve ein fantastisk utsikt over fjella, isbreane og det krystallklare vatnet under dei. Den luftige kjensla av fridom medan ein svevar stilt over dette fantastiske landskapet er heilt uforgløymeleg. Detaljert info om luftsport i Loen: https://www.loenskylift.no/luftsport

NC konkurranse-info:

FAI kategori 2 konkurranse, open for alle nasjonalitetar. Påmelding til konkurransen (PP5 med sportslisens) foretas på civlcomps.org her. Påmeldinga er opna.

Deltakaravgifta er på 950 kr og inkluderar flystedsavgift og hentetjeneste. Betalast via Vipps til Fjordane Luftsportsklubb på #797082 ved frammøte. Merk betalinga med fullt navn. Utenlandske pilotar betalar kontant eller med nettbank. Ikkje betal før det er endeleg avgjort at konkurransen skal gjennomførast. Dette avgjer kkpgxc saman med arrangør seinast 36 timer før første briefing.

Reglement, vendepunkt og luftromsfiler finn du her.

Vendepunkter Loen: https://civlcomps.org/event/download-file?filename=b54aaf89ba755d17366db89a111264ae.cup


Tracklogg lastes opp her. 

Kontaktperson: Vegard Johnsen, +47 994 18 080 

For spørsmål om påmelding, betaling etc ta kontakt med Vegard.


Registrering: 

Fredag kveld kl. 1800 - 2000 og laurdag morgon kl. 0800 – 0900. Fint om alle registrerer seg så tidleg dei kan for å unngå kø rett før briefingen.

Tidsskjema:

Kl. 0900: Briefing på Lo-Vik Camping. 

Kl. 1030: Gondol til start.

Kl. 1130: Briefing på start. 

kl. 1930: Grillane tennast.  

Tidene her er på ingen måte faste og vil variere frå dag til dag. Endeleg info vil bli gitt på eiga WhatsApp gruppe.


Førebu deg: 

For at briefinga skal gå smertefritt, ber vi alle om å førebu seg litt dagen før konkurransen starter. Dette må du gjere frå mobilen du skal bruke under konkurransen:


Transport: 

Gondol til start må kvar deltakar betale sjølv. Vi har fått 25% rabatt på enkeltbillett, einvegsbillet, dagskort, to-dagarskort eller tre-dagarskort. Det blir levert liste over alle deltakarane og ein må sjølv hugse å gi beskjed ved betaling i luka. Kan ikkje kjøpe billett på automaten. Viss ein kjøper eivegsbillet og treng retur grunna at ein ikkje får flydd so er den gratis.

Hentetjeneste er inkludert i påmeldingsavgifta. Vi brukar eiga gruppe på WhatsApp til å sende landingsrapport og dele posisjon viss ein treng hentetjeneste. Eksempel: "Ola Nordmann landa trygt, treng ikkje henting". Treng du transport delar du posisjonen din i sanntid fram til du er blitt henta.

Premiar: 

Det vil bli delt ut premiar til 1. til 3. plass i både åpen klasse, sportsklasse, kvinneklasse og standardklasse. 

Norgescup skal være ein lavterskel konkurranse med fokus på trivsel og læring. Derfor har alle deltakarar i tillegg moglegheit til å vinne eit gavekort på 2 000 kroner fra Termikk & Rotor. Gavekortet kan brukast på utstyr eller turar. 


Campen: 

Hovudkvarteret blir på Lo-Vik Camping der vi vil ha registreringa og briefing kvar morgon. Her er det moglegheit for overnatting i hytter, telt og camping. Det er kort veg frå hovedlandinga og bort til campingen. Vi har grill som fritt kan nyttast og vil være klar for grilling etter endt flydag. 

Ellers er det andre overnattingsalternativ i området, f.eks. Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord, Tjugen camping, Loen Apartments og Sandeåsen feriesenter. 

PRISAR HOTEL ALEXANDRA: Rom med frukost. Pris pr døgn Enkeltrom frå kr 1850 Dobbeltrom frå kr 2900 Tillegg for middagsbuffet kr 260 pr person. Bestilling via e-post alex@alexandra.no eller telefon 57875000 (opplyse kode Luftsport ved bestilling) 


Fjordane Luftsportsklubb gler seg til å arrangere den første norgescupen i Loen og håpar å sjå deg der.