Nyheter‎ > ‎

SIKKERHETSKURS MED OPPTREKK

lagt inn 16. aug. 2013, 12:35 av Sindre Hauglum
Fjordane luftsportklubb vil gjennomføre sikkerhetskurs på Vassenden i Jølster med

opptrekk etter båt. For dei som ikkje har lisens på opptrekk, vil kurs-teori for dette bli 

gitt og ein vil få dette godskrive for lisens. Dei som allereie har opptrekk-lisens treng 

ikkje vere med på teori for opptrekk.

For dei som ikkje har opptrekk-lisens, vil desse bli prioritert vidare for å kunne få lisens.

Sikkerhetskurs er ei veldig god erfaring for å bli skikkelig kjend med utstyret og for 

å kunne beherske vinga i kritiske situasjonar. Det hjelper samstundes på din egen 

sjølvtillit under flyging.

Opptrekk er ein effektiv metode for å komme seg i lufta på. Det er 1 av 2 metodar for å 

kunne ta av med ein paraglider. Enten så må du ta av frå eit fjell, eller så må du trekkast 

opp ein eller annan måte. Å kunne samkjøre opptrekk og kurs, så blir det veldig effektivt.

Krav til deltagelse:

• Min. erfaren PP2. (Det er ikkje krav i.h.t. håndboka, men ei viss flyerfaring er 

likevel nødvendig.) 

• Beherskar framlengs-start godt.

• At du har simulert nødskjerm-kast og er kjent med prosedyrer for dette.

Anna viktig informasjon:

• Hugs klebyte i tilfelle landing i vatn.

• Ikkje ha med instrument, mobil, etc. som ikkje tåler vatn.

• Meld frå om du har vinge med trim-system eller eldre, slitt vinge.

Kva inneheld kurset?

• Gjennomgang av teori for opptrekk og sikkerhetskurs.

• Briefing og de-briefing for kvar enkelt tur. Dette gjeld både opptrekket og 

øvelsane. Radio-kommunikasjon vil bli brukt under turen.

• Utløysar for opptrekk under kurset.

Kva er påbudt?

• Flytevest. Dette må medbringast sjølv.

• Nødskjerm. Skal vere pakka om samme året.
Øvelsar, sikkerhetskurs:

• Full stall. Kontrollert inngang, oppretthalding og utgang.

• Spinn. Min. 360 graders rotasjon med kontrollert utgang.

• Spinn-stopp. Gjenkjenning av entring til spinn.

• B-stall. Kontrollert inngang og utgang.

• Asymmetrisk innklapp. Min. 50% på begge sider med kompensasjon av dreiing.

• Stup-spiral. Min. harde 360 graders svinger.

Påmelding og anna info ved å kontakte Per Arne Kvalsvik.

Mobil: 979 60 908

Mail: pakvalsvik@gmail.com
Comments