Nyheter‎ > ‎

Prøvedag paragliding

lagt inn 26. sep. 2016, 00:09 av Sindre Hauglum
Har du en drøm om å begynne med paragliding?
Fjordane Luftsportsklubb arrangerar prøvedag for dei som har lyst til å få ein introduksjon til sporten .
Vi møter på parkeringsplassen på Øyrane vidaregåande skule 09.30 og reiser sammla til skulebakken.
I bakken vert det ein enkel gjennomgang av virkemåte og oppbygning av paraglideren saman med instruktør, før det blir høve til å prøve seg med paraglider i lav høgde og masse plass å springe på.
Dersom vær og vind spelar på lag vil vi holde på til kl 16.00. Ta med gode sko, kle deg for ein aktiv haustdag og ta med mat og drikke.
Sporten vår er meget væravhengig, dersom nødvendig kan det bli aktuelt å utsette eller avlyse på kort varsel. Vi legg ut oppdatert informasjon når det nærmar seg.
(greit om dei som kjem bekreftar på arrangementet slik at vi har oversikt over deltakarar)
Deltakaravgift på 150,- pr person, tilbakebetalast ved evt. påmelding til kurs i regi av Fjordane Luftsportsklubb.
Instruktør og medlemer frå klubben deltek heile dagen med instruksjon og informasjon om sporten vår.
Håpar du og godværet møter for en spennande dag :)
mvh
Fjordane Luftsportklubb

Comments