Nyheter‎ > ‎

Luftsportmiljø under utvikling i Nordfjord

lagt inn 2. nov. 2009, 13:07 av Sindre Hauglum   [ oppdatert 3. nov. 2009, 21:20 av Marius Kirkeeide ]
Nokre paragliderpilotar jobbar for tida med å skape eit nytt luftsportmiljø i Nordfjord. Det var som kjent eit bra aktivt miljø i området tidlegare, faktisk heilt tilbake til då hanggliding var i sin spede start. No ønskjer nokre eldsjeler som lenge har drive med paragliding å jobbe for at den fantastiske sporten vår igjen skal få utvikle seg lokalt i området. Med tidlegare pilot Jan Rune Turøy, hjelpeinstruktør Kjell Eikeland og instruktør Jøran Henriksen i spissen jobbar ein for tida planlegging av nybyrjarkurs i paragliding, samt å ruste opp take-off-ar som tidlegare var mykje brukt.

På take-off-ane skal skog og kratt ryddast, vi har på dugnad fått laga skikkelege vindpølser med svivel, og vi er i dialog med grunneigarar, næringsliv og skisentra i området for tilrettelegging for paragliding og luftsport igjen.

Vi er mao godt i s(t)iget og gledar oss til arbeidet vidare!  

Er du interessert i paragliderkurs?

Er du allereie aktiv eller ønskjer å starte opp att med hang- eller paragliding?

Er du på besøk eller på veg gjennom området og ønskjer fly?

Eller ønskjer du på anna måte å bidra eller treng informasjon??? 

.....Så ta kontakt med oss!!!

Kontaktpersonar:
Ytre-Nordfjord: Kjell Eikeland   466 65 295 
Indre-Nordfjord: Jøran Henriksen, instruktør 990 03 060
Comments