Nyheter‎ > ‎

Kurs i Nordfjord starter opp 6. februar 2010

lagt inn 12. jan. 2010, 10:37 av Sindre Hauglum   [ oppdatert 12. jan. 2010, 11:27 av Jan Ninian Hagen Finseth ]
Kurset går i utgangspunktet over 5 helgar, vi vil ôg bruke nokre kveldar viss det er nødvendig. Paragliding er vêravhengig. Vi må derfor vere fleksible og vi må kanskje vike frå kursplanen.

I løpet av kurset skal du lære å starte, fly og lande på ein sikker måte. Vi startar i slakk bakke uten å bli vesentlig løfta frå bakken, vi fortsetter vidare i større bakkar og avsluttar med høgdeturar. Høgdeturar er flyturar med ein høgdeforskjell på meir enn 250 m.

Teorikurset inneheld fleire fag. Du skal bl.a. lære ein god del om vêret, og kva vêrforhold som egnar seg for flyging med paraglider. Oppbygginga av ein paraglider, aerodynamikk og lover/regler er andre fag. Regn med rundt 10 timar teoriundervisning . I tillegg skal du lære korleis du skal opptre for å ivareta sikkerheita og flygleda for deg sjølv og dine medpilotar, samt litt om utdanningssystemet og utviklinga av deg som pilot vidare.  

Kurset avsluttast med teoriprøve. 
Kursavgifta på kr 8.200,- inkluderar nødvendig utstyr (hjelm og paraglider med seletøy) som du trenger under kurset, lærebøker og nødvendig forsikring og medlemskap.

Påmelding/info: Jøran Henriksen, tlf 990 03 060, joeranhe@hotmail.com 
Comments