Nyheter‎ > ‎

Invitasjon til Førdetreffet 2013

lagt inn 13. mai 2013, 14:03 av Sindre Hauglum
Fjordane luftsportsklubb inviterer til det årlige Førdetreffet den 8. og 9. juni.

Vi inviterer til flyging saman med oss i Fjordane luftsportsklubb. Vi sørger for god transport opp på vår flystad nummer ein: Hafstadfjellet. Også for hangglider. I samband med Sommarfesten på laurdagen, vil det òg bli høve for opptrekk med båt for dei som har lisens for dette.

Vi satsar på godt vær med fine flyturar. Det vil bli gjeve ein brief på hovedlandinga på Øyrane kl 10.00 på laurdagen med viktig info om luftrom og anna.  Det er søkt om fri høgde til 2500 moh i stort område mot aust og nord.

Ein annan grunn for å ta turen til Førde denne helga er Sommerfesten.  Madcom, BigBang, Admiral P, Nilsi og Magnus er nokon av dei som skal ha konsert. For meir info er nettadressen: http://sommarfest.no/
For meir info om klubben vår, besøk http://www.fjordaneluftsportsklubb.com/

Sjåast i Førde 
J
Comments