Nyheter‎ > ‎

Førdetreffet 2013 er avlyst

lagt inn 4. jun. 2013, 11:25 av Sindre Hauglum
Det er svært beklageleg at vi må avlyse Førdetreffet 2013 som skulle ha funne stad førstkommande helg; 8. og 9. juni.
 
Landingsområdet vårt (fotballbana) på Øyrane i Førde er pløygd opp og skal såast i for beitemark. Vi har vore på utkikk etter alternative landingsplassar, men sidan Hafstadparken (som mest truleg vert landingsområdet vårt i framtida) er anleggsområde, og det er mykje anleggstrafikk der, er ikkje dette nokon alternativ landingsplass på noverande tidspunkt.
 
Vi seier oss leie for dette, men det er no ein gong slik at det ikkje er alt vi rår med. Vi i Fjordane luftsportsklubb kryssar fingrane for at vi får eit bra landingsområde i Hafstadparken når denne er ferdigstilt og håper å kunne invitere dykk til Førde ved eit seinare høve.
Comments