Nyheter‎ > ‎

Ekstremt på Myklebustbreen

lagt inn 6. sep. 2010, 23:40 av Sindre Hauglum

Vi hadde ein fantastisk flott dag på breen torsdag i forrige uke. Alt låg til rette for at programmet skulle kunne gjennomførast, blå skyfri himmel med sikt så langt auget rakk og 0 vind. Dessverre var ikkje arrangørane flinke til å holde tidsskjemaet, fallskjermdroppa (tilflyginga) tok lenger tid enn planlagt samt at det vart brukt for lang tid til mellombriefing på breen. Klokka passerte 4 før vi kom i gang med klargjering for nedflyging. Vi prøvde å starte med både pg og speedglider til tross for at kaldraset hadde starta med 1 m/s baktrekk. Speedgliderane starta på snowblades og to av dei klarte komme seg av men marginane var vel eigentleg ikkje større enn dei burde være. Dei resterande ga opp etter å ha gjort fleire mislykka forsøk og pakka saman for å returnere til fots i lag med pg-pilotane og hjelpemannskapet.

 

Turen opp tok litt over 5 timar i roleg tempo, 3 timar ned. Hadde med ekstra bærar til den eine tandemsekken ettersom passasjeren kom via tandem fallskjerm. Vart ekstra tungt frå brekanten opp til breplatået på grunn av at  bæraren av tandemsekken måtte snu, 2 mann på 3 tunge sekkar vart ei utfordring. Måtte bære ein sekk eit stykke opp og returnere for å hente den andre. Prøvde eit stykke med to sekkar men var nok i overkant tungt. Godt å ha med ein sprek pensjonist slik at vi kunne byte på henting av den tredje sekken.

Uansett, alle var samde om at det hadde vore ein fantastisk dag.


mvh

Arne Kleiven

 

Her er nokre bilder frå turen.

Comments