Nyheter‎ > ‎

Ekstremt over, på og under Myklebustbreen

lagt inn 31. aug. 2010, 13:09 av Sindre Hauglum
To av tandempilotane i Fjordane Luftsportsklubb er blitt forespurt om å delta i eit opplegg med luftsportsaktivitet på/frå Snønipa/Myklebustbreen. I same høve er øvrige paragliderpilotar frå klubben invitert til å delta i opplegget. Det dreiar seg kort fortalt om fallskjermdropp med landing på/ved Snønipa. Fallskjermhopparane (+ 2 tandempassasjerar) skal ta seg vidare frå breen under Snønipa til  Myklebustdalen ved hjelp av speedglider og tandem paraglider. Landing vil bli på Myklebustsetra innerst i Myklebustdalen. Prosjektet vert gjennomført av Ekstrem Utvikling på Voss og skal dokumenterast gjennom eige program på NRK.

Gjennomføringa er tenkt gjennomført torsdag førstkomande med fredag som reservedag. Ta kontakt med Arne for info om du vil være med. 

Comments